Personvern

Me er opptatt av å beskytte dine personopplysningar og vil til ein kvar tid behandle informasjonen din med respekt. Når du bruker vår nettside eller bruker tenestene våre skal du kjenne deg trygg og ivaretatt.

Kirovoss.no og våre tenester eiges og driftast av Kiropraktoren AS, org. 989 177 222, Vangsgata 25, 5702 Voss.

 

Om personopplysningar og regelverket

Personopplysningar er informasjon som kan knytast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan være namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og IP-adresse.

Kiropraktoren AS er ansvarleg for at informasjonen din vert behandla i samsvar med Noregs lovar. Datatilsynet fører tilsyn slik at loven vert overhalde.

Me er pålagd å oppbevare naudsynt informasjon for rekneskapsføring og journal. Historikken rundt dine tidlegare kjøp av tenester og journalpliktig informasjon hjå oss kan difor ikkje slettast. All annan informasjon knytt til deg har du rett til innsyn og krav på å få sletta dersom du ynskjer det. Me har rutinar for at dette skal skje i trå med gjeldande regelverk.

 

Dine helseopplysningar

Me er autoriserte helsepersonell av Helsedirektoratet og me fylgjer Helsepersonellovene.

Det er strenge krav for å ivareta personvern og informasjonssikkerheit ved behandling av helseopplysningar. Kiropraktoren AS arbeidar heile tida for å fylle desse krava, og behandlar helseopplysningane til våre pasientar på ein god og sikker måte.

Alle journalar, inkl. fødselsnummer og personalia, vert oppbevart kryptert i journalsystemet ProMed.

Har du spørsmål om informasjon i din journal, ver venleg og ta kontakt på telefon 56510080 .

 

Vår handtering av ditt betalingskort

Kortnummer oppbevarast ikkje ut over det som er naudsynt for å sikre effektiv handtering av eventuelle problem med belastning, oppheving av reservasjon og kreditering.

Me nyttar Nets som betalingsleverander i klinikken.

 

Deling av opplysningar til tredjepart

Opplysningane dine vil aldri verta delt med uvedkommande. Me deler berre informasjon dersom det er naudsynt for å gje tilstrekkeleg helsehjelp. Dette kan blant anna være tilvising til sjukehus, NAV (sjukmelding), HELFO (trygdeoppgjer) eller din fastlege.

 

Du kan unngå cookies (informasjonskapslar)

Om du ynskjer å unngå cookies, kan du deaktiverar bruken av desse i din nettlesar. Les her for å lære meier om korleis du deaktiverar desse: https://www.wikihow.com/Disable-Cookies

Du kan og slette alle cookies i nettlesaren manuelt.

 

Administrering av personopplysningar

Du har rett til innsyn i kva for personopplysningar me har lagra om deg og til å bestemme korleis me skal bruke desse.

Dersom du oppdagar feil i opplysningane om deg, kan du endre dette ved å ta kontakt med oss.

Har du spørsmål om dine personopplysningar kan du ta kontakt med oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

NB! Ikkje dine helseopplysningar.

 

Endring av personvernerklæring

Me vil med jamne mellomrom kunne oppdatere eller endra personvernerklæringa. Ved større endringar vert du informert om dette.

 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om Kiropraktoren AS si personvernerklæring eller om bruk av personopplysningar, ta kontakt med oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Spørsmål ang din journal må rettast til oss på telefon 56510080

 

 

Timebestilling

Facebook