Kinesiotape
- På byrjinga av 70-tallet kombinerte kiropraktoren Kenzo Kase i Japan ein teknikk frå kinesiologi og kiropraktikk og utvikla "Kinesio Taping". Ein metode som sidan har vore i stadig utvikling og forbetring. I dag blir den brukt over store deler av verda.
- Kinesiotaping er ei smertefri behandling og det finns fleire teknikkar og metodar for å setja tapen på. Behandlinga skal kunne påverke muskelfunksjonen, aktivere lymfesystemet og aktivera kroppens eigen smertekontrollerande system. Den gjev også støtte for å betre leddfunksjonen.
- Medan vanleg sportstape er uelastisk og lite mobil, er kinesiotape elastisk og gjev fri rørsle. Kinesiotapen er strekkbar og tøyelig, og "jobbar" for kroppen på ein heilt anna måte. Tapen kjem i ulike fargar, og skal også vera allergivenleg.
- Behandlinga er eit godt reiskap, både som sjølvstendig behandling og i kombinasjon med andre behandlingsmetodar.
- Kinesiotaping gjev støtte og stabilitet til ledd og musklar utan å påverke sirkulasjonen eller omfanget av bevegelse.
- Kinesiotaping er ein teknikk basert på kroppens eige naturlege tilhelingsprosess.
- Kinesio Tape brukas til alt frå hovudverk til fotproblem og alt i mellom.
Døme er: muskel tilrettelegging, carpal tunnel syndrom, korsrygg belastning/smerter, kne forhold, skulder forhold, hamstring, lyske skade, rotator cuff skade, whiplash, tennislboge, plantar fascitt, patella sporing, før og etter kirurgisk ødem, ankelskade, atletisk førebyggjande og som ein støtte metode.
Bestille time online
Du kan bestille og avbestille tid til behandling på nettet.
Når du er pålogga vil du kunne sjå kva tid du er satt opp til time under «Bestilte timer».
Er det fyrste gong du skal til oss, eller meir enn 1 år sidan du var hjå oss?
Då skal du velge FØRSTE BEHANDLING.
Nokon kan ha problem med å tinga første behandling på internett,
Ta då kontakt med oss anten på telefon 56 51 00 80 eller send oss ein e-post på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
KLIKK HER FOR ONLINE TIMEBESTILLING
Prisar/refusjon
Prisar frå oktober 2020
Fyrstegongs konsultasjon | 700,- |
Behandling | 440,- |
Røntgen | 750,- |
EMG-scan |
250,- |
Ganganalyse | 600,- |
Trykkbølgebehandling | 850,- |
Fakturatillegg | 70,- |
Unytta behandlingstimar må betalast fullt ut.
Avbestilling minst 24 timar på førehand.
NAV yter stønad til behandling hos kiropraktor.
Ein får stønad for inntil 14 behandlinger per år. Stønaden er 64 kroner per behandling, og 133 kroner ved fyrstegongskonsultasjon. Kiropraktorene fastset sjølv prisen på tenestene sine og stønaden vil derfor normalt berre dekkje ein liten andel av dei totale kostnadene. Dette fakturerar kiropraktoren direkte til HELFO og pasientane betaler berre eigenandelen.
Behandling hos kiropraktor går ikkje inn under nokon av frikortordningane,
men reiseutgifter inngår i eigenandelstak 1 (sjå www.nav.no).
sEMG
Når ein muskel trekkjer seg saman oppstår det elekstriske impulser (microvolt) som er målbare på overflata på kroppen. sEMG er ein metode for å måle denne aktiviteten.
Du har kanskje høyrt om EEG (måler impulser i hjernen) eller EKG (måler impulser i hjarta)?
sEMG er, i likhet med EEG og EKG, ein vitenskapeleg anerkjent metode for å måle elektriske impulser.
Under ein sEMG undersøkjing vil små, elektriske signal frå dei aktiverte musklane verta registrert av sensorer plassert på huda direkte over muskulaturen.
Styrken og mønsteret til desse signala blir så overført til eit dataprogram som analyserer informasjonen og lager ein rapport.
Informasjonen i rapporten vert nytta for å evaluere den funksjonelle statusen til muskulaturen som ligg rundt ryggsøyla og er slik eit viktig ledd i prosessen med å skreddersy et individuelt behandlingsopplegg til deg.
sEMG kan vi og nytta i eit behandlingsopplegg for å måle evt. progresjon og/eller respons på behandlinga undervegs.
Røntgen
På kontoret vårt i Vangsgata 25, har me installert røntgen-utstyr.
Der kan me utføra dei vanlegaste røntgenundersøkjingar av skjelettet.
Dette er eit godt hjelpemiddel for kiropraktoren, der han kan sjå
på skjelettet, ryggsøyla si form og gjera målingar ved eventuelle skjeivstillingar.
Dersom det er behov for CT eller MR, kan kiropraktoren henvisa vidare til det.